Publisert Legg igjen en kommentar

Drift av nettstaden til Hjelmeland Sogelag

Hetland Media driftar nettstaden til Hjelmeland Sogelag.

Den lokalhistoriske nettstaden til «I slektas fotefar» har gått gjennom store endringar for å bli nettstaden til Hjelmeland Sogelag.

Opptaderingane inneber ny og utbetra utforming av nettstaden. Det er no kome oversiktlege menyar, samt lenkjer til relaterte sider, og heile nettstaden framstår i ny profil. Den viktigaste endringa er derimot at «I slektas fotefar» ikkje lenger har eigen nettstad, men at innhaldet som var der er blitt vidareført av Hjelmeland Sogelag.

Nettstaden vart første gong lansert ved utgjevinga av «I slektas fotefar» sommaren 2007, og halvanna år seinare kom den første store oppdateringa, eit arbeid som vart gjort i løpet av eit halvt år i 2008. No er det igjen blitt lagt ned mykje tid på ei oppfrisking av nettstaden. Målet har vore å relansere nettstaden til årsskiftet, noko me lukkast med i siste liten, og med tida skal nok nettstaden få endå meir innhald og bli meir attraktiv for brukarane.

Noko av innhaldet på nettstaden er oppdatert. Det er utført korrekturlesing og innhaldet er tilpassa nye margar og malar. Ei av hovudforbetringane i den nye versjonen, er at alle sidene har det same oppsettet og grafiske utforminga.

Hetland Media og Hjelmeland Sogelag vonar at sida fell i smak, og tek med glede mot kommentarar på nettstaden.

Nettstaden til Hjelmeland Sogelag finn du på hjelmeland-sogelag.no.

Kommenter saka