Publisert Legg igjen en kommentar

Hjelmelandsnytt held fram

Hetland Media driftar Hjelmelandsnytt.

Etter grundig evaluering er Hetland Media komne fram til at Hjelmelandsnytt skal vera den beste kalenderen med informasjon om arrangement i alle bygdene i Hjelmeland kommune.

Hjelmelandsnytt skal:

  • publisera informasjon om ulike arrangement og hendingar i Hjelmeland kommune.
  • ha ei geografisk avgrensing til Hjelmeland kommune, men arrangement på Finnøy-sida av Ombo blir også tekne med.
  • tilby gratis arrangementsreklame for alle lag og organisasjonar i Hjelmeland kommune.
  • bli drifta av Hetland Media på ein sjølvstendig nettstad med nettadressa hjelmelandsnytt.no.
  • marknadsførast gjennom nettstaden til Hetland Media.
  • gjennom faste oppdateringar bli den beste arrangementskalenderen for personar med tilknytting til Hjelmeland.
  • så langt det lét seg gjera, oppdaterast kvar dag.
  • vera tilgjengeleg gjennom nettlesar på vanleg datamasking, og i ei skreddarsydd utgåve for iPhone og iPod Touch.
  • ikkje drivast som nettavis.

 

Bakgrunn og vurdering:

Privatpersonar, bedrifter og organisasjonar i Hjelmeland var særskilt velkomne til å koma med bidrag til nettstaden, anten i form av tips, lesarinnlegg, annonser, informasjon om hendingar og arrangement, bilete og mykje meir.

Heilt i byrjinga var Hjelmelandsnytt meint som ei nettavis, med eit eige oversyn med arrangement i Hjelmeland kommune. I løpet av den første prøvetida på ein månad kom det berre eit tips frå ein lesar på Ombo, men til seksjonen «Å vera med på» kom det heile tida nye innspel.

Grunna mangel på tips og innlegg frå lesarane, vart det avgjort at nettstaden skulle leggjast om til å berre vera arrangementskalender for Hjelmeland kommune. Hetland Media la ned mykje tid i å tilpassa nettstaden til brukarane sine ynskje.

Kommenter saka