Posted on Leave a comment

Ryfylke MultiGuide er lansert

Hetland Media har utvikla reiseapplikasjonen Ryfylke MultiGuide for iPhone og Android på oppdrag for Reisemål Ryfylke.

På oppdrag for Reisemål Ryfylke har Hetland Media vore prosjektkoordinator for utviklinga av mobilapplikasjonen Ryfylke MultiGuide.

No kan du bli din eigen turleiar langs Nasjonal turistveg Ryfylke (rv. 13 og fv. 520) med smarttelefonapplikasjonen Ryfylke MultiGuide for iPhone eller Android.

Hetland Media har arbeidd med utviklinga av appen sidan februar 2012 på oppdrag for Reisemål Ryfylke, og Ryfylke MultiGuide vart lansert 10. mai som landets første mobilapp for guiding langs ein vegstrekning.

Ryfylke MultiGuide nyttar seg av GPS-funksjonen til smarttelefonen din for å spela av informasjon når du nærnar deg éin av dei 27 kulturattraksjonane frå Oanes i sør til Røldal i nord. Med lyd, bilete, tekst og lenkjer kan du bruka Ryfylke MultiGuide til å bli din eigen turleiarar.

Ryfylke MultiGuide er tilgjengeleg for nedlasting i Google Play for Android-telefonar, og i iOS-versjon til iPhone i App Store. I appen kan du lasta ned ruta Nasjonal turistveg Ryfylke heilt gratis (sjølve appen er gratis, eventuelle kostnadar for nedlasting over mobilt nett avhenger av leverandør), og la Ryfylke MultiGuide visa veg!

Dersom du har brukt Ryfylke MultiGuide, set me pris på at du tek deg tid til å svara på ei spørjeundersøking.

Sjå NRK Rogaland sin TV-reportasje om Ryfylke MultiGuide

Kommenter saka