Posted on Leave a comment

Historisk praktverk om Hjelmeland Idrettslag

Morten Hetland har skrive jubileumsboka om Hjelmeland Idrettslag.

Morten Hetland si jubileumsbok om Hjelmeland Idrettslag er no ferdig trykka, og Hetland Media inviterer i samarbeid med Ryfylkebiblioteket Hjelmeland til boklansering tysdag 11. desember 2012.

Innhaldet i boka:

  • Dei lange linene og nærare innblikk i historiene til:
    • Hjelmeland Turn- og Idrettsforening (1910-1945)
    • Idrettslaget Hjelm (1945-2005)
    • Fister Idrettslag (1963-2005)
    • Hjelmeland Idrettslag (2006-2012)
  • Krydra med snautt 500 bilete, tabellar og teikningar.

Lanseringsarrangementet blir halde i Ryfylkebiblioteket Hjelmeland (Vågahuset i Hjelmelandsvågen) tysdag 11. desember 2012 klokka 19:00.

Forfattaren fortel og viser bilete frå boka, og det blir eige lanseringstilbod for dei som kjøper boka under lanseringa. Enkel servering.

Samarbeidspartnarane har vore avgjerande for å ferdigstilla bokprosjektet.

Kommenter saka