Posted on Leave a comment

Nytt lokalmagasin for Hjelmeland

Den første utgåva av "Mitt Hjelmeland" kjem deisande ned i alle postkassar i Hjelmeland i juni 2013.
Den første utgåva av «Mitt Hjelmeland» kjem deisande ned i alle postkassar i Hjelmeland i mai 2013.

I mai 2013 kjem den første utgåva av lokalmagasinet «Mitt Hjelmeland» deisande ned i alle postkassar i Hjelmeland. Hetland Media og Terøy Media står bak utgjevinga, med redaktør Vegard Terøy, Morten Hetland og Nazir Safi. Neste nummer er venta ferdig i månadskiftet august/september.

I «Mitt Hjelmeland» finn du artiklar om stort og smått, frå samfunnsliv, næringsliv og kvardagsliv, alt frå aktuelle spaltar til kuriøse innslag. Mesteparten har Terøy, Hetland og Safi skrive sjølv, noko anna har me fått lokale heltar til å bidra med, slik at du som lesar skal kunna nyta eit mangfaldig og variert magasin.

Maken finst ikkje!

Klikk på biletet for å lesa nr. 01/2013 på nett.
Historias første utgåve av Mitt Hjelmeland kjem i mai 2013.

Vil du tipsa oss om gode saker, eller bestilla annonse?
Ta kontakt på e-post: post@mitt-hjelmeland.no.

Nettavisa til Mitt Hjelmeland finn du på
mitt-hjelmeland.no.

Kommenter saka