Hei, og hjarteleg velkommen skal du vere.

TV Strand var ein nett-TV-kanal under det trettande miniSTORTINGet på Strand vidaregåande skule i 2008.

TV-kanalen produserte to nyheitssendingar på to dagar, og me sytte for å dekkja arrangementet med rikelege mengder film- og fotomateriale. Den siste dagen under miniSTORTINGet var me også "ekspertkommentatorar" for NRK Rogaland. NRK Rogaland laga også ei sak på miniSTORTINGet, som du finn ved å klikka deg inn på NRK Rogaland si sak om miniSTORTINGet.