t: 454 36 905
e: post@hetlandmedia.no
p: Eikehaugen 41, 4139 Fister

Flyfotoarkiv

Kring 1970 kjøpte Hjelmeland kommune det gamle flyfotoarkivet som Fjellanger-Widerøe hadde frå dei gamle kommunane Fister (inkl. Fisterøyane), Årdal (inkl. Sunngardane) og Hjelmeland (inkl. heile Ombo).

Dei fleste bileta i arkivet er fotograferte i perioden 1962–1967. Bileta er digitaliserte, georefererte og publiserte av Hetland Media. Informantar: Magnar Riveland, Eldfinn Austigard og Bernt Arild Vestersjø Landsnes.

Arkivet blir supplert fortløpande.

I tillegg til gratistenesta som ligg i flyfotoarkivet, er det òg mogleg å få flyfoto levert på biletfiler og/eller trykt på fotopapir, lerret eller aluminiumsplate. Pris per bilete er kr 250 (inkl. mva.) + kostnad for eventuell trykking.

All gjenbruk av foto, utan avtale med Hetland Media, er forbode.

Ta kontakt med arkivansvarleg Morten Hetland (tlf. 45 43 69 05 eller post@hetlandmedia.no) dersom du har spørsmål, rettingar eller kommentarar til nokre av bileta, eller dersom du ynskjer å kjøpa flyfoto.