|
 

Meld deg som informant!

Ei stadnamninnsamling inneber ei enorm mengd innsamlingsarbeid. Berre i Hjelmeland reknar ein med at det eksisterer om lag 14.000-15.000 stadnamn. Dette er grunn nok til at me treng hjelp av deg!

Til no har det vore relativt få som har meld seg til å hjelpe med stadnamninnsamlinga, men me vonar at det blir fleire etter kvart. Alle som veit om stadnamn i kommunen - få eller mange - blir med dette oppmoda til å ta kontakt med Stadnamnprosjektet i Hjelmeland for ein nærare samtale om prosjektet.

Dersom du kan tenkja deg å stilla som informant, eller veit om nokon som kan passa som informant, er det berre å ta kontakt.

Dei som har skuleoppgåver, hovudoppgåver, stadnamnkart og liknande liggjande, bør også ta kontakt. Sjølv om dette materialet ikkje alltid er like utfyllande, er det verdifulle brikker i eit større puslespel. Det er viktig at me så tidleg i fasen som mogleg får tilgong til dette materialet, slik at all tilgjengeleg informasjon blir samla inn og teke med i boka, slik at stadnamna ikkje forsvinn for all framtid.

Fleire av gardane i Jøsenfjorden har mangelfull informasjon, mendan me ikkje har fått inn eit einaste stadnamn på desse gardane:

  • gnr. 20 - Bastlid
  • gnr. 21 - Vardane
  • gnr. 23 - Indre Eiane
  • gnr. 77 - Solbjør
  • gnr. 119 - Storådalen
  • gnr. 120 - Lyngsnes
  • gnr. 124 - Selflåt
  • gnr. 131 - Boremyra
  • gnr. 132 - Erlia
  • beggje statsallmenningane

Morten Hetland © - Hetland Media
Stadnamnprosjektet i Hjelmeland blir utført i regi av  
 
besøkande sidan 17.09.2008