|
 

Informasjon om stadnamnprosjektet

Morten Hetland arbeider no med å samla inn alle kjende stadnamn i Hjelmeland, og resultatet vil vonleg koma i bokform i løpet av 2011. Hjelmeland kommune har 143 gardar og 2 statsallmenningar fordelt på 1092 km².

Det museale namnevernet går ut på å driva systematisk innsamling av namn, for å byggja opp lokale namnesamlingar, noko fleire kommunar har gjort eller er i ferd med å gjera.

I motsetnad til dei fleste andre historiske minnesmerka er stadnamn funksjonelle i eit moderne samfunn samstundes som dei er kulturminne. Namnemangfaldet i kommunen vår er viktig å ta vare på.

Det er Morten Hetland og Harald Andresen i Hetland Media som har teke på seg ansvaret for å samla saman alle stadnamna. Hjelmeland kommune og fleire føretak bidreg med økonomisk stønad til gjennomføring av prosjektet.

Innehavar av Hetland Media, Morten Hetland, har erfaring frå både journalistikk og fleire bokutgjevingar, og det er han som skal skriva og utforma oppslagsverket om stadnamna i Hjelmeland.


Morten Hetland © - Hetland Media
Stadnamnprosjektet i Hjelmeland blir utført i regi av  
 
besøkande sidan 17.09.2008