På salg!

«På line over livet»

kr149,00 kr99,00

Om lag tretten år har gått sidan Olav Bjelland i psykotisk tilstand sjokkerte heimbygda si med sin fryktelege ugjerning. Etter lang tids opphald på ein institusjon vender han, som vaksen mann, tilbake til samfunnet.

Kategori:

Beskrivelse

«På line over livet» er den andre og siste delen av historia om Olav Bjelland og kampen hans for å halda hovudet over vatnet. Om mogleg er denne boka fylt med endå fleire misantropiske ytringar frå det forvirra sinnet til Olav, men sjølvsagt også spekka med lettbeint humor og hobbyfilosofering i kjent Terøy-stil.

Olav slit framleis med å finna sin plass i verda, og til å hjelpa seg får han den rutinerte psykologen Øystein Amundsen.

Doktor Amundsen er anerkjend som ein av dei store ekspertane innan humanistisk psykologi, men han manglar framleis ei storbragd for å bli skriven inn i historiebøkene. Så dukkar det plutseleg opp ein svært uvanleg pasient på klientlista hans, drapsdømde Olav Bjelland. Med håp om å hjelpa Olav sitt innfløkte sinn, viklar Amundsen seg inn i eit spesielt pasientforhold som får konsekvensar for både privatlivet og karrieren hans.

Forfattaren av boka, Vegard Terøy, er oppvaksen i Hetlandsbygda utanfor Fister i Hjelmeland kommune. Han har ei fortid som frilansjournalist i Bygdaposten og Strandbuen, og har mellom anna studert sosiologi og historie ved Universitetet i Stavanger og kommunikasjon ved Universitetet i Agder. Hausten 2010 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med romanen «Å velta ei ku».

Vegard har med denne boka fått gjeve ut to bøker i løpet av ti månader. Han takkar fantasien og skrivekløa for at dette i det heile teke har vore mogleg.

– Det er vel eigentleg berre å setja i gang med skrivinga, så kjem det meste av seg sjølv. Karakterane i boka styrer for det meste handlinga framover på eiga hand, seier Vegard.

Inspirasjonen finn han i den norske naturen, i fagkunnskapane frå utdanninga si og i små og store hendingar i kvardagen.

– Ingen kjem til å kjenna seg igjen i boka, men eg kan ikkje utelukka at eg kan ha tjuvlånt eitt og anna velformulert sitat, held Vegard fram.

– Kva er bakgrunnen for den livlige og litt skrudde fantasien din?

– Eg skreiv boka medan eg studerte psykologi, s&aring det vil nok vera noko innslag derifrå, men det er absolutt ikkje ei lærebok i psykologi. Dessutan er eg også generelt interessert i originalar og galningar, legg han til.

«På line over livet» er ein frittståande oppfølgjar til «Å velta ei ku», og beggje bøkene er no til sals. Dersom du tek direkte kontakt med Hetland Media på telefon 45 43 69 05 får du «Å velta ei ku» for berre 50 kroner viss du kjøper beggje bøkene.

Under kan du spela av radiointervjuet med Vegard Terøy i Formiddagslokalen med Øystein Ellingsen i NRK Rogaland:

Tilleggsinformasjon

Forfattar

Vegard Terøy

Format

A5

ISBN

978-82-93201-00-7

Publiseringsår

2011

Sidetal

166

Språk

nynorsk

Utgåve

1. utgåve