|
 

Generelt om stadnamn

Stadnamn er namn på alle slags geografiske lokalitetar, til dømes øyer, skjer, fjordar, sund, nes, teigar, haugar, lier, bakkar, elvar, vatn og fjell. Ein reknar også med namn på busetnad av ulike slag byggverk og menneskeskapte innretningar, som gardsbruk, stølar, bruer, kverner og dammar.

Stadnamna har i oppgåve å peika ut einskildlokalitetar. Stadnamna er kulturminne som gjev oss opplysningar om natur, samfunn, arbeidsliv og førestellingar i tidlegare tider, og – ikkje minst – om språket vårt.

Menneska har alltid hatt trong for å orientera seg i terrenget og samfunnet. For å kunne gjera dette måtte ein ha stadnamn. På den måten kunne ein lokalisera ein stad ut i frå eit ord. Stadnamna var sjølvsagt laga ut frå det lokale språket. Gjennom åra har mange namn gått tapt og nye namn er vorte laga ut frå nye behov.

Dei eldste namna som vert nytta i Noreg i dag reknar ein med at går 3000-4000 år attende i tid, det vil seie til bronsealderen og kanskje yngre steinalder. Dei eldste namna vart logisk nok nytta om visse typar naturlokalitetar – øyar, fjordar, elvar og innsjøar – som menneska måtte forholda seg til. Fleire av dei eldste namna har i dag fått endra funksjon, og er no namn på matrikkel-gardar, kommunar eller anna. Dei kan også stå som føreledd i eit samansett namn. Desto eldre eit stadnamn er, desto vanskelegare er det å tolka det. Dette skuldas at namnet har utvikla seg med språkutviklinga. I gamle Hjelmeland og Fister kommunar hadde ein til dømes Bokn, Ombo og Fister, som er utgamle namn, som framleis er utolka. Nokre naturnamn kan ha røter attende til dei siste hundreåra før vår tidsrekning.

Når det gjeld gardsnamna kan ein datera dei temmeleg sikkert med grunnlag i form og ledd. Gardnamna av typen heim, stad, land, tveit og bø går truleg attende til det første tusenåret etter vår tidsrekning. For andre namnegrupper enn gardsnamn vert avgjerdinga av alder mykje vanskelegare. Likevel kan ein nytta seg av at naturnamn i ubunden form kan vera opptil 2000 år gamle. Etterleddet som gjer at substantivet får bunden form, utvikla seg i norsk mot slutten av mellomalderen. Stadnamn i bunden form (Haugen, Bekken, Myra, Nibba) kom ofte til etter år 1500. Allment kan ein seie at namn i ubunden form (Haug) er eldre enn namn i bunden form (Haugen). Rett etter mellomalderen vart også kasussystemet oppløyst, og difor kan ein seie at namn som har ei eller anna kasusform ofte er meir enn 500 år gamle.

Ein annan tommelfingerregel er at usamansette namn (Tjørna, Haugen, Bakken) ofte er eldre enn dei samansette namna (Fuglatjørna, Høgehaugen, Sleinebakken). Først etter kring 1200 vart det vanleg at artikkelen voks saman med hovudordet. Ein del gamle namn kan ha fått artikkel tillagd seinare. Vidare kan kunnskap om eigedomsgrenser nyttast til å fastsetja dei opphavlege gardsvalda og såleis gje hjelp til ei relativ datering av gardsnamnet. Når ein skal tolka eit stadnamn må ein analysera kva ord, språkformer og språklydar det er i stadnamna. Ofte vil orda leve i dialektar og skriftspråk i dag, men ein vil også treffe på ord som har gått ut av ordforrådet til folk flest. Då må ein nytta ei etymologisk (ordhistorisk) ordbok, for å finna tydinga.

Å finna tyding av eit ord krev innsikt i ordhistorie, lydhistorie, skrifthistorie, grammatikk og namnetypologi, samt trening i namnevitskapleg metode. Etter kvart som ein har danna seg ein oversikt over ord, språkformer og språklydar i eit stadnamn, må ein sjå på dei ytre tilhøva for å avgjere om tolkinga stemmer. Dersom ein har fleire tolkingar kan også dei ytre tilhøva hjelpe til med dette.


Morten Hetland © - Hetland Media
Stadnamnprosjektet i Hjelmeland blir utført i regi av  
 
besøkande sidan 17.09.2008