|
 

Stadnamna er ein viktig del av kulturarva vår!

Forfattar Morten Hetland kviler ikkje på laurbæra. Han er i full gong med eit nytt og omfattande bokprosjekt. Sist var det si eiga slekt og deira liv han hadde fylgt tilbake til 1100-talet i boka "I slektas fotefar". Det høyrest kanskje omfattande ut, men i den neste boka er det eit endå meir arbeidskrevjande grunnlag som skal leggjast.

Hetland Media har no planar om å gje ut ei bok med stadnamn i Hjelmeland kommune. På alle gardane i kommunen vil ein kunne finna att alle namna som informantane har kome med, heilt ned på teignivå. Fleire stader på ein gard har fått eigne namn - åsar, teigar, bekker og store steinar. Mange gardar har også jakt- og beiteområde i heia. Alt er av interesse for prosjektet. Ofte knyter det seg ei historie til korleis staden fekk namnet sitt, desse historiene er også forfattaren interessert i å få tak i.

Alle gardane i Hjelmeland kommune vil bli representerte under kvar sine gardsnummer. Det blir teke med eit eller fleire historiske bilete frå kvar gard, ein kort presentasjon av kva gardsnamnet betyr og spesielle aktivitetar som har gått føre seg på garden. Deretter kjem det vonleg ei svært detaljert namnelister, men innhaldet i denne namnelista er avhengig av kva som blir fortalt i innsamlingsprosessen.

For å få med mest mogleg namn er det viktig at dei som sit med kunnskapane aktivt melder seg! Dersom du veit om fleire namn på ein gard, så ikkje nøl med å ta kontakt. Dersom du kan tenkja deg å stilla som informant, eller veit om nokon som kan passa som informant, er det berre å ta kontakt. Hetland Media ber også om at dei som har skuleoppgåver, hovudoppgåver, stadnamnkart og liknande liggjande, tek kontakt slik at forfattaren får tilgong til dette materialet. Det er viktig at alle informasjonane blir samla inn, slik at namna ikkje forsvinn for all ettertid.

Boka kan også tingast på førehand. Ring, eller send ein e-post, så vil Hetland Media føra deg opp på lista over dei som ønskjer å få boka tilsendt/levert etter ferdigstilliga og trykkeprosessen er ferdig.

På førehand takk for hjelpa!

Meir om prosjektet kan du lesa ved å klikka deg inn på menyane på toppen av sida.


Morten Hetland © - Hetland Media
Stadnamnprosjektet i Hjelmeland blir utført i regi av  
 
besøkande sidan 17.09.2008