Forlag

Hetland Media har gjeve ut fleire bøker opp gjennom åra. I tillegg til kontinuerlege bokprosjekt i samarbeid med andre forfattarar, arbeider Hetland Media stadig med nye lokale bokprosjekt.

Hetland Media har to faste skrivande forfattarar, Morten Hetland og Vegard Terøy, men andre forfattarar har òg høve til å gje ut bøker gjennom forlagsavdelinga til Hetland Media.

Dersom du har idear til nye bokprosjekt, eller ønskjer å publisere eit bokverk gjennom Hetland Media, treng du ikkje nøla med å ta kontakt. Publikasjonar av lokal karakter blir høgast prioritert, men det er sjølvsagt rom for å drøfta realisering av andre interessante bokprosjekt. Ta kontakt dersom du brenn inne med ei historie som folk bør høyra!

Me tilbyr mellom anna:

  • Råd og hjelp i skriveprosessen
  • Språkvask
  • Layout og design
  • Trykking
  • Marknadsføring
  • Sal og distribusjon