Akkurat nå…

Akkurat nå har det gått meir enn to år sidan Jan Oddvar Øye tok til å skriva epistlar frå det verkelege og uverkelege livet i Ryfylke.

Tekstane hans handlar om ein noko tankefull kar som bur i ei lita tenkt avsidesliggjande grend med nokre få innbyggjarar. Libra Occulus, som hovudpersonen heiter, ser på verda med eit skeivt skråblikk og ein open og truhjarta tankegang.

Tekstane er skrive på eit sprak som har mange fellesnemnarar med hjelmelands-dialekta. Det er brukt fleire ord og uttrykk av eldre dato, som i dag blir mindre brukte enn før eller har gått heilt ut av daglegtalen.

Mange av stykka til Jan Oddvar har vorte prenta i Bygdaposten, til stor glede for mange av lesarane. Etter noko tankeverksemd og teknisk produksjon er heile førtiseks av hans beste tekstar samla mellom to permar i denne boka.

Gjennom augo til Libra og pennen til Jan Oddvar får lesarane ta del i absurditetar ein til no ikkje visste eksisterte. Før du set deg til å lesa denne boka, bør du difor førebu deg på å trekkja noko på smilebanda, anten du vil det eller ei.