Hjelmeland Idrettslag: Sport og idrettsglede i hundre år

Morten Hetland, lokalhistorikar og forfattar frå Hjelmeland kommune, har skrive jubileumsboka til Hjelmeland Idrettslag. «Hjelmeland Idrettslag: Sport og idrettsglede i hundre år» er eit praktverk om Hjelmeland-idretten si historie.

[wp_cart:Hjelmeland Idrettslag – Sport og idrettsglede i hundre år:price:199:shipping:99:end]

I 2010 feira Hjelmeland Idrettslag hundreårsjubileum. Det er grunnlag for å både feira hundre tilbakelagte år, og samstundes sjå framover.

Det er svært lenge sidan trikotkledde unge menn svingde seg i ringar og andre turnapparat i det gamle ungdomshuset på Hjelmeland. Heilt sidan 1910 har utviklinga i samfunnet påverka idrettslaget. Gjennom meir enn hundre år har aktivitetane blitt avspegla av samfunnslivet elles, og til-høva har frå starten av vore så små at innsatsen frå dei mange eldsjelene har vist tydeleg igjen på aktivitetsnivået.

Ressurspersonar kjem og går, aktivitetar veks og fell. Økonomi, fritid, kommunikasjonar, anleggstilhøve og vintertemperaturar er berre noko av det som har vore med på å setja dagsorden, i tillegg til dei menneskelege ressursane frå eldsjelene som til ei kvar tid har valt å engasjera seg for idrettslaget.

Enklare kommunikasjonar og auka samarbeid mellom bygdene førte til at IL Hjelm og Fister IL frå 2006 slo seg saman til eitt idrettslag: Hjelmeland Idrettslag. Denne samanslåinga vart ei enorm styrking for idrettsrørsla i Hjelmeland, og Hjelmeland Idrettslag er i dag eit fleiridrettslag med varierte aktivitetar for om lag 500 barn, unge og vaksne i Hjelmeland kommune.

Gjennom boka «Hjelmeland Idrettslag: Sport og idrettsglede i hundre år» får du presentert dei lange utviklingslinene i historiene til Hjelmeland Turn- og Idrettsforening, Idrettslaget Hjelm og Fister Idrettslag, samt ei oppsummering av dei sju første åra til Hjelmeland Idrettslag. Dei lange linene er krydra med augneblinksbilete og rikt illustrert med mange fotografi, teikningar, tabellar og illustrasjonar.

Alt i alt: Dette er eit praktverk om det første hundreåret i Hjelmeland Idrettslag si historie!

 


 

Rettingar:
I eit såpass omfattande bok, som dette historieverket faktisk er, skal det godt gjerast å unngå feil. Under følgjer dei feilrettingane som forfattaren fortløpande er blitt merksam på:

  • Side 45: Nedst til høgre på biletet sit John Nordbø, ikkje Jan Nordbø.
  • Side 192: I biletteksten øvst til venstre på sida er det Vegard Terøy som er avbilda saman med Sigve Kleppa Christensen, ikkje Vegard Førre.
  • Side 245: På det nedste biletet, nedst til høgre sit Geir Magne Staurland, ikkje Geir Morten Staurland.

Kommenter saka