Hjelmeland: Skipreid, herad og kyrkjesokn

I ein alder av godt og vel 70 år, gav Tor Skiftun i 1938 ut den første bygdeboka i Hjelmeland si historie. I samband med at det i 2012 var 150 år sidan Skiftun vart fødd, er store delar av bygdeboka hans no gjeven ut i fotografisk nyopptrykk.

[wp_cart:Hjelmeland – Skipreid, herad og kyrkjesokn:price:149:shipping:49:end]

Skiftun vart ein viktig føregangsmann innan lokalhistorisk gransking, og la mykje av grunnlaget for dei seinare bygdabøkene, både for Årdal, Fister og Hjelme-land kyrkjesokn.

I heile sitt vaksne liv var Skiftun oppteken av å samla smått og stort frå Hjelmeland si historie, mellom anna frå bøker og aviser, i tillegg til samtalar med bygdefolket. Mykje av dette materialet danna grunnlaget for det varierte innhaldet i denne boka, alt frå skulesoga og lokalt sjølvstyre opp gjennom åra, til tru, tradisjonar og skikkar frå gamle tider.

Kommenter saka