I slektas fotefar

Boka er ei slekts- og lokalhistorie frå Hjelmeland kommune.

Boka har følgjande innhald:

SLEKT: Slektsdelen omhandlar slekta til forfattaren, som hovudsakleg kjem frå Hjelmeland og Årdal, der alle besteforeldra hans er oppvaksne og busette. Etter kvart som ein blar seg lenger bak i boka, vil ein finna mange innslag av ryfylkingar, rogalendingar og folk frå resten av landet, ja til og med frå andre land.
Slektsdelen er delt inn i anene mine og etterkommarane til mine besteforeldre. Anene er den mest omfattande parten, og strekkjer seg attende til 1100-talet. Her vil ein kunne lesa om alle tipp-tipp-tipp………oldeforeldra til forfattaren. Slektsdelen er rikt krydra med illustrasjonar og fotografi (sjå under bilete).

Etterkommarane omhandlar den næraste familien til forfattaren søsken, søskenborn, tantar, onklar, foreldra til inngifte tantar og onklar, foreldre og besteforeldre.

LOKALHISTORIE:Lokalhistoria fortel om korleis folk levde i «gamle dagar». Den er bygd opp av munnlege forteljingar og skriftleg materiale som skildrar glimt frå kvardagen. Hovudsakleg gjeld lokalhistoria for gardane Hetland og Heggland i Hjelmeland, og for Ullestad og Litle Skogarbø i Årdal. Likevel vil lokalhistoria grunna korte geografiske avstandar også vera gjeldande for andre gardar i kommunen, og til dels også heile Ryfylke.

BILETE:Forfattaren er veldig glad i gamle bilete, og held fast ved at eit bilete seier meir ein tusen ord. Før forfattaren hadde nokon idé om at han skulle skriva bok, gjekk han i gong med å samla inn historiske bilete. Resultatet av dette arbeidet vart over 800 digitaliserte bilete. Til boka har forfattaren brukt mange illustrasjonar og fotografi for å gjera boka lettlest og variert. Det er teke med over hundre bilete frå siste del av 1800-talet og fram til vår tid.

TILLEGG: Som eit supplement til boka, har forfattaren også valt å ta med ein eigen tilleggsdel. Her vil ein finna kart over kommuneinndelinga i Rogaland, før og no. Kart over Hjelmeland og Årdal med omegn. Utfyllande stadnamnregister som fortel kor stadnamna i boka høyrer heime (kategorisert etter malen stadnamn, gard, kommune, fylke). Forfattaren har også teke med nokre kontraktar frå tidlegare tider. Ein kan også lesa om ferjene som har trafikkert fast i ferjesambandet over Jøsenfjorden, og dersom ein er språkinteressert kan ein finna eit knippe dialektord frå kommunen.