Olav og bestefar

I den nostalgiske barneboka «Olav og bestefar» får lesarane vera med på Olav sine juleførebuingar saman med bestemor og bestefar. Den nybakte forfattaren, Liv Bodil Førre Skogstø, fortel levande historier om den aktive og nysgjerrige guten Olav. Lena Botne debuterer òg som barnebokillustratør med levande skildringar.

[wp_cart:Olav og bestefar:price:199:shipping:49:end]
Bestillingsskjema for bokhandlar/butikkar/kommunar/institusjonar.

Boka er rikt illustrert og passar godt til høgtlesing for barn i alderen 4-8. Leseglade barn i alderen 9-12 år vil òg ha glede av å lesa boka på eiga hand. «Olav og bestefar» er skriven av Liv Bodil Førre Skogstø (f. 1954) og illustrert av Lena Botne (f. 1973).

Liv Bodil Førre Skogstø debuterer som barnebokforfattar med «Olav og bestefar». Boka er illustrert av Lena Botne, og utgjeven av Hetland Media. (Foto: Morten Hetland/Hetland Media)
Liv Bodil Førre Skogstø debuterer som barnebokforfattar med «Olav og bestefar». Boka er illustrert av Lena Botne, og utgjeven av Hetland Media. (Foto: Morten Hetland/Hetland Media)

Forfattaren hadde sin eigen oppvekst på ein gard på Randøy i Hjelmeland, like i nærleiken av besteforeldra sine, og legg ikkje skjul på at mange av idéane bak historiene i «Olav og bestefar» er inspirert av hennar eigen oppvekst.

– Eg har henta mykje inspirasjon frå min eigen oppvekst på ein gard med mange dyr. Besteforeldra mine budde i nabohuset, så eg var mykje saman med dei, fortel Skogstø, og legg til at ho ofte fortel historier frå barndommen sin til barna i barnehagen der ho jobbar. Ho har òg dikta og fortalt fritt om korleis livet på landsbygda kunne vera for fleire titals år sidan.

– Dei fleste barna tykkjer at slike historier er kjekke, og dei blir ofte forbausa over korleis livet på landsbygda var før i tida. Det viser seg at dei gamle, gode historiene fengjer barna meir enn dei nye, moderne historiene, forklarer Skogstø.

Skogstø ynskjer at barna som får ta del i historiene om Olav lærer seg viktige verdiar, som mellom anna å ha omsorg og respekt for kvarandre.

– Det er viktig at barna lærer seg å undrast og tenkja sjølv, så eg har med vilje lagt inn ulike utfordringar som dei vaksne kan forklara og drøfta med barna, avsluttar Liv Bodil Førre Skogstø.

Les utdrag frå boka under:

Forfattaren:
Liv Bodil Førre Skogstø (f. 1954) er fødd og oppvaksen på ein gard på Randøy i Hjelmeland, men har vore busett i Stavanger i heile sitt vaksne liv. Skogstø er utdanna barnevernspedagog, og har jobba med barn og unge i mange år. Ho debuterer som barnebokforfattar med «Olav og bestefar» i 2013.

Illustratøren:
Lena Botne (f. 1973) kjem opphavleg frå Randaberg på Nord-Jæren, men er no busett i Sandnes. Botne har likt å teikna heilt sidan barndommen, men den kreative sida hennar kom ikkje til syne før ho byrja å mala på lerret i 2009. Ho debuterer som illustratør i barneboka «Olav og bestefar» i 2013.

Kommenter saka