Forlagsavdelinga til Hetland Media forflyttar seg no inn i sjangeren reiseskildring med utgjevinga av boka På «Ryfylkebesøk» i USA, Odd Harald Olsen si andre bok.
Ein reknar med at det i dag er like mange norskætta i Amerika som det er nordmenn i Noreg. Takka vera det store omfanget utvandringa til Amerika hadde, kan ein framleis finna lokalmiljø frå heile Noreg «over there».
I denne boka tek forfattar Odd Harald Olsen oss med på ei reise til ulike miljø i Midtvesten, der ein framleis kan sjå historiske spor av nordmenn, og møta personar som framleis reknar seg som norske. På morsida har forfattaren røter frå både Hjelmeland og Årdal, og det er difor særskilt utvandringa frå desse bygdene han fokuserer på. Likevel er det gjennom heile boka vinkla på Ryfylke-bygdene, og det er teke med fleire historier frå både Finnøy, Suldal, Forsand og Strand.
Forfattaren sitt fremste ynskje med denne boka, er å formidla kunnskapen om kor viktig del av vår eiga nære historie utvandringa til Amerika er. Av dei om lag 65.000 rogalendingane som utvandra til Amerika i «emigrasjonstida», kom ein stor del frå Ryfylke. Ikkje minst var det mange av dei svært tidlege utvandrarane som kom frå ulike Ryfylke-bygder.
For å binda fortida og notida saman i denne reiseskildringa, fortel forfattaren ei historie om korleis det kunne fortona seg å reisa frå heimstaden og slekta på den tida, og ei historie om kva ein kan oppleva og kven ein kan møta hundre år seinare
På «Ryfylkebesøk» i USA er Odd Harald Olsen sitt andre bidrag til å betre forstå kor sterke historiske band det er mellom slektene der borte og her heime. I 2006 skreiv han Den store gåva frå Amerika, om innsamlinga i Amerika til ei ny kyrkje i Årdal i Ryfylke. Odd Harald var også blant initiativtakarane som stifta eit lokallag av Sons of Norway i Ryfylke, og han har hatt fleire verv i denne organisasjonen, både lokalt og nasjonalt. Vidare har han vore reiseleiar for fleire gruppeturar til ulike Ryfylke-miljø i USA sine Midtvest-statar.
– Det er umåteleg viktig å få fortalt kor stor del utvandringa til Amerika er av vår eiga lokalhistorie! Når me sjølv opplever kor mange «ryfylkingar» og «Ryfylke-bygder» det er i USA den dag i dag, forstår me dette mykje betre, seier forfattar Odd Harald Olsen.