Grafisk formgjeving

Hetland Media produserer alt frå koppar til plakatar. Me designar, trykkar og leverar – rimeleg og alltid i tett dialog med kunden. Gjennom åra har me gitt logoar nytt liv, snikra saman brosjyrar og laga minnespel. Har du noko som treng ein ny vår? Ta kontakt, så finn med garantert ut av det. Storparten av arbeidet blir gjort digitalt, men me kan òg tilby handteikna illustrasjonar gjennom våre samarbeidspartnarar.

Me tilbyr mellom anna:

  • Grafisk design
  • Bruk av foto og/eller figurar
  • Illustrasjonar
  • Produksjon, levering og distribusjon

Referansar:

Ved produksjonen av minnespelet «Kulturminne og turmål i Hjelmeland» var pris og kvalitet viktig ved val av leverandør. Hetland Media var den leverandøren som kom best ut på pris, det same viste seg også å vera tilfelle når det kom til kvalitet. Me fekk også nytte oss av Hetland Media sitt biletarkiv i tilfelle der me sjølv ikkje hadde bilete til dei aktuelle kultur- eller turmåla. Som lokal leverandør kunne Hetland Media også tilby tekstforslag, der dette var av interesse. Totalt sett vart produksjonen av desse korta enklare for oss grunna val av ein leverandør med lokalkunnskap.
– Eldfinn Austigard, kulturleiar i Hjelmeland kommune

Hetland Media har mellom anna designa og trykka visittkort for meg. Korta vart enkle og stilige, noko eg likte godt.
– biletkunstnar Magne Austigard

For Galleri Eldhuset – Hagalid har Hetland Media under sterkt tidspress laga ein god foldar for marknadsføring for sesongen 2014. Galleriet som frå 2014 skal heita Galleri Hagalid avdi det etterkvart skal bli sommargalleri og servering i fleire hus, fekk ein god og rimeleg foldar som blei godt mottatt hjå dei kundane som han var tenkt for.
– Hanne Sundbø, Ryfylke Glød

EIT UTVAL TIDLEGARE OPPDRAG:

Tidsskrift/avis

This slideshow requires JavaScript.

Marknadsføringsmateriell

This slideshow requires JavaScript.

Bok-/publikasjonsomslag

This slideshow requires JavaScript.

Visittkort

This slideshow requires JavaScript.

Postkort

This slideshow requires JavaScript.

Kommenter saka