Tekstproduksjon

Det er tekst over alt. Mange av bodskapane rundt oss er skriftlege. Det kan vera frustrerande å sitta krumbøygd over tastaturet med tidsfristar og irriterande skrivefeil hengande over hovudet.

Hetland Media tilbyr tekstproduksjon i alle sjangrar og format. Treng du ein tekst? Me fiksar det, enten det er ei pressemelding, eit internt notat eller eit brev til grandtanta i Amerika. Skribentane våre klør i fingrane etter å formulera ditt bodskap på best mogleg måte!

Me tilbyr mellom anna:

  • Tekst av alle typar
  • Pressemeldingar, brev, notat, søknader, osv.
  • Nynorsk og bokmål
  • Alltid tilpassa både avsendar og mottakar

Referanse:

Ryfylke Multiguide var eit NCE Tourism-prioritert prosjekt der Reisemål Ryfylke som første reisemål i landet skulle utforma ein reiserute-app for smarttelefonar sommaren 2012. Appen er framleis i drift, og gjeld heile Nasjonal turistveg Ryfylke med tekst og lyd på både norsk og engelsk, bilde og kart. Dette pilotoppdraget blei utført av Hetland Media til vår store tilfredsheit innafor gitte krevjande ramer og tidsfrister. Det blei og ytt service for oppdatering i sesongen og evaluert i eit godt samarbeide med oppdragsgjevar.
– Hanne Sundbø, tidlegare dagleg leiar i Reisemål Ryfylke AS

Kommenter saka