Breidablikk 35, 4130 Hjelmeland
45 43 69 05
post@hetlandmedia.no

ME GJER DEG SYNLEG

med over 20 års erfaring
innan media og kommunikasjon.

LYD, MUSIKK OG TEATER

Dagleg leiar Morten Hetland har erfaring som komponist, trubadur, dramaturg, teaterinstruktør, lydteknikar og produsent av podkast og musikkinnspelingar.

FOTO OG FILM

Me har utstyr til å fotografera og spela inn film, både på bakken og i lufta. Me kan leia prosessen frå skisse til ferdig produkt.

DIGITALISERING

Har du gamle familieskattar festa til papirbilete eller filmrullar som støvar ned? Det er viktig å ta vare på minna! Me digitaliserer foto, film og lydkassettar.

NETTSTAD

I den digitale kvardagen bør alle bedrifter, lag og organisasjonar ha sin eigen nettstad. Uansett kva du driv me, kan me hjelpa deg å skreddarsy ein nettstad til ditt føremål.

GRAFISK DESIGN

Treng du hjelp til å bli synleg? Me kan designa alt frå visittkort og plakatar, til logoar og etikettar. Me designar, trykker og leverer – alltid i tett dialog med kunden.

FORLAG

Opp gjennom åra har me gjeve ut fleire bøker og magasin, både eigne publikasjonar og på oppdrag for kundar. Me kan hjelpa til med språkvask, layout, design og trykking.

KUNDAR

OPPDRAG

ERFARING

HETLAND MEDIA

Hetland Media er ei media- og kommunikasjonsbedrift som blei etablert hausten 2008 av Morten Hetland.

I tillegg til å utvikla og drifta nettstader for lokale bedrifter og lag, driv me nettportalane Nettskulen.no og Mitt Hjelmeland.

Me har òg kompetanse og erfaring innan film, foto, grafisk design, medieproduksjon, journalistikk, kommunikasjon, teater og musikk.

Standard timepris er kr 1.190,00 (fullstendig prisliste). Ta kontakt for å be om eit pristilbod eller avklara korleis me kan hjelpa deg.

Merk: Me har for tida svært avgrensa kapasitet. Send ein e-post eller SMS, så vil me svara når me har tid til å vurdera førespurnaden.