
Morten Hetland har skrive jubileumsboka om Hjelmeland Idrettslag.
Morten Hetland si jubileumsbok om Hjelmeland Idrettslag er no ferdig trykka, og Hetland Media inviterer i samarbeid med Ryfylkebiblioteket Hjelmeland til boklansering tysdag 11. desember 2012.
Innhaldet i boka:
- Dei lange linene og nærare innblikk i historiene til:
- Hjelmeland Turn- og Idrettsforening (1910-1945)
- Idrettslaget Hjelm (1945-2005)
- Fister Idrettslag (1963-2005)
- Hjelmeland Idrettslag (2006-2012)
- Krydra med snautt 500 bilete, tabellar og teikningar.
Lanseringsarrangementet blir halde i Ryfylkebiblioteket Hjelmeland (Vågahuset i Hjelmelandsvågen) tysdag 11. desember 2012 klokka 19:00.
Forfattaren fortel og viser bilete frå boka, og det blir eige lanseringstilbod for dei som kjøper boka under lanseringa. Enkel servering.

Samarbeidspartnarane har vore avgjerande for å ferdigstilla bokprosjektet.