Hetland Media er ei media- og kommunikasjonsbedrift som blei etablert hausten 2008 av Morten Hetland.
Me driv nettportalane Nettskulen.no og Visit Hjelmeland, i tillegg til å utvikla og drifta nettstader for lokale bedrifter og lag.
Me har òg kompetanse og erfaring innan fagfelta grafisk design, medieproduksjon og journalistikk, kommunikasjon, historieforsking og formidling.

(Foto: Hilde Hauge/Feien & Fjong)
Morten Hetland har drive med media og kommunikasjon sidan 2005, og har ansvar for forsking, design, tekstarbeid, foto/film og drift av nettstader i Hetland Media. Dessutan er Hetland utdanna adjunkt med tilleggsutdanning, og jobbar til dagleg som lærar og pedagogisk IKT-rettleiar i Hjelmelandsskulen.
Utanom Morten Hetland blir følgjande prosjektmedarbeidarar henta inn ved behov:
- Vegard Terøy, forfattar av «Å velta ei ku» og «På line over livet», journalist og redaktør i lokalmagasinet Mitt Hjelmeland i perioden 2013–2015, redaktør av «Småstubbar»
- Lena Botne, illustratør av «Olav og bestefar»
- Christian Laugaland Munthe, illustratør av «Småstubbar»