Stadnamn i Hjelmeland

Hetland Media har drive stadnamnprosjektet i Hjelmeland sidan 2008. Sidan oppstarten har Morten Hetland samla inn fleire tusen stadnamn, med god hjelp av informantar, assistentar og stadnamnforskar Inge Særheim ved Universitetet i Stavanger.

Sponsorar:

Kva er eit stadnamn?

Med stadnamn meiner ein namn på alle slags geografiske lokalitetar, til dømes øyer, skjer, fjordar, sund, nes, vikar, teigar, lier, bakkar, elver, vatn og fjell. Ein reknar òg med namn på busetnad av ulike slag, byggverk og menneskeskapte innretningar, som gardsbruk, stølar, bruer, kverner og dammar. Namn på område og administrative inndelingar, til dømes grender, bygder, sokn, kommunar og fylke, blir òg rekna som stadnamn.

Målet med stadnamn

Stadnamna har historisk sett vore viktige for å finna fram i landskapet – både til fjells, til heis, til skogs, til sjøs og heime på garden. Stadnamna er kulturminne som gjev opplysningar om natur, samfunn, arbeidsliv og førestellingar i tidlegare tider, og ikkje minst om språket vårt. Fleire stader på ein gard har fått eigne namn – åsar, teigar, bekkar og store steinar. Mange gardar har òg jakt- og beiteområde i heia. Ofte knyter det seg ei historie til korleis staden fekk namnet sitt. Alt er av interesse for stadnamnprosjektet.

Kva treng me hjelp til?

For å kunna samla inn flest mogleg stadnamn. er det viktig at dei som sit inne med kunnskapen melder seg til Hetland Media. Dersom du veit om fleire namn på ein gard, så ikkje nøl med å ta kontakt.

Stadnamnprosjektet vårt inneber eit stort innsamlingsarbeid. Berre i Hjelmeland kommune reknar ein med at det eksisterer om lag 14.000-15.000 stadnamn. Difor treng me hjelp av deg.

Fleire av gardane i Jøsenfjorden har mangelfull informasjon, medan me ikkje har fått inn eitt einaste stadnamn på desse gardane:

  • gnr. 20 – Bastlid
  • gnr. 21 – Vardane
  • gnr. 23 – Indre Eiane
  • gnr. 77 – Solbjør
  • gnr. 119 – Storådalen
  • gnr. 120 – Lyngsnes
  • gnr. 124 – Selflåt
  • gnr. 131 – Boremyra
  • gnr. 132 – Erlia
  • beggje statsallmenningane

Dersom du kan tenkja deg å stilla som informant, eller veit om nokon som kan passa som informant, er det berre å ta kontakt.

Dersom du kan tenkja deg å stilla som informant, eller veit om nokon som kan passa som informant, er det berre å ta kontakt. Hetland Media ber òg om at dei som har skuleoppgåver, hovudoppgåver, stadnamnkart og liknande liggjande tar kontakt, slik at me får tilgang til dette materialet. Det er viktig at all informasjon blir samla inn og lagt ut for ålmenta, slik at namna ikkje forsvinn med dei som bruker stadnamna.

Kommenter saka