Datahjelp/-kurs

Har du irritert deg over for lite kunnskap på datafeltet? Kjenner du at Facebook kunne vore kjekt å ha, men at du får hetetokter av berre å slå på maskinen? Hetland Media kan tilby ulike skreddarsydde kurs, privat opplæring, heimebesøk/datahjelp og fjernstyring av datamaskinen din. Før du veit ordet av det sender du e-postar, bestiller sydenturen på nett og kommuniserer med vennene dine på Facebook!

Me tilbyr følgjande kurs:

  • Data: Nybyrjarkurs og vidaregåande kurs i bruk av iPad.
  • Data: Nybyrjarkurs og vidaregåande kurs i bruk av datamaskin. Inkluderer delkurs i grunnleggjande innføring, teksthandsaming, internett, e-post og filhandsaming.
  • Foto: Nybyrjarkurs og vidaregåande kurs innan fotografering og fotohandsaming. Inkluderer delkurs i grunnleggjande kamerainnføring, fototeknikkar, fotografering, overføring av bilete til datamaskin, fotoredigering og framkalling via internett.
  • Programvare: Nybyrjarkurs innan dataprogram som Microsoft Office Word, Microsoft Office Excel, Picasa, Brother’s Keeper 6 og Skype. Desse programma blir høvesvis brukt til tekstredigering, rekneark, biletredigering/-behandling, slektsgransking på data og videosamtalar over internett.

Last ned program for fjernhjelp

Referanse:

Seniornett Hjelmeland har eksistert frå år 2009. 11 kurs med opplæring  i databruk for seniorar har vorte haldne. Vel 100 godt vaksne personar har deltatt på desse kursa. Dei fleste hadde ikkje erfaring frå før. Morten Hetland i Hetland Media har vore lærar/instruktør på alle kursa. Han har vore ein dyktig undervisar.Ikkje minst snakkar han eit «dataspråk» som alle skjønar. Han er tålmodig og har eit godt lag med elevane sine. Me kan anbefala han på det sterkaste.
– Olaug Holmen og Gerd Lone Øverland, for styret i Seniornett Hjelmeland