Hetland Media kan både fotografera og spela inn film. Vanlegvis fotograferer me plassar og bedrifter, men me kan òg ordna reportasjefoto eller gruppebilete.
Me har òg stått for produksjon, innspeling og klipping av spelefilmane «Å velta ei ku» og «På line over livet», dokumentarfilm-serien «Hjelmeland Teater: Eit lite teater – Ein stor familie» samt reklamefilmar for mellom anna Røde Kors Hjelmeland.
Viss du derimot treng ein fotograf til familiebilete eller merkedagar, som bryllaup og konfirmasjonar, vil me heller tilrå Hilde Hauge hjå Feien og Fjong Foto.
FOTO AV BYGG, GARDAR, INDUSTRIOMRÅDE OG TETTSTADER















