Desse kjøpsvilkåra regulerer alt forbrukarkjøp av varer og tenester (produkt) frå hetlandmedia.no.
Forbrukarkjøp over internett er blant anna regulert i avtalelova, forbrukerkjøpsloven, angrerettloven, markedsføringsloven, personopplysningsloven, e-handelsloven og kredittkjøpsloven. Desse lovene gjev forbrukaren ufråvikelege rettar. Følg lenkene til desse lovene viss du vil ha meir informasjon om dine rettar og plikter ved kjøp.
Vilkåra i denne avtalen er ikkje avgrensingar i dei lovbestemte rettane, men listar opp partane sine viktigaste rettar og plikter for handelen. Kjøpsvilkåra utgjer saman med bestillinga di – stadfesta gjennom ein ordrebekreftelse – det samla avtalegrunnlaget for kjøpet.
Der det i desse kjøpsvilkåra blir stilt krav om skriftlegheit, er dette oppfylt ved bruk av e-post eller tekstmelding til mobiltelefon (SMS).
1. Avtalen
Avtalen består av desse salgsbetingelsane, opplysningar gjeve i bestillingsløysinga og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som særskilt er avtalt mellom partane føre, så framst det ikkje strid mot ufravikelig lovgjeving.
Avtalen vil i tillegg bli utfylt av relevante lovbestemmingar som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukarar.
2. Partane
Seljar er Hetland Media, Breidablikk 35, 4130 Hjelmeland, post@hetlandmedia.no, tlf. 45 43 69 05, NO 993 089 818 MVA, og vert i det følgjande omtalt som seljar/seljaren.
Kjøpar er den forbrukaren som gjer bestillinga, og blir i det følgjande omtalt som kjøpar/kjøparen.
3. Pris
Den oppgitte prisen for vara og tenester er den totale prisen kjøparen skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnader. Ytterlegare kostnader som seljar før kjøpet ikkje har informert om, skal kjøparen ikkje bære.
4. Avtaleinngåing
Avtalen er bindande for begge partar når kjøparen har sendt sin bestilling til seljaren.
Avtalen er likevel ikkje bindande dersom det har førekome skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljaren i bestillingsløysinga i nettbutikken eller i kjøparens bestilling, og den andre parten innsåg eller burde ha innsett at det førelåg ein slik feil.
5. Betalinga
Seljaren kan krevje betaling for vara frå det tidspunktet den blir sende frå seljaren til kjøparen.
Dersom kjøparen bruker kredittkort eller debetkort ved betaling, kan seljaren reservere kjøpesummen på kortet ved bestilling. Kortet blir belastet same dag som vara vert sendt.
Ved betaling med faktura, blir fakturaen til kjøparen utstedt ved forsending av vara. Betalingsfristen kjem fram på fakturaen og er på minimum 14 dagar frå mottak.
Kjøparar under 18 år kan ikkje betale med etterfølgjande faktura.
6. Levering
Levering er skjedd når kjøparen, eller hans representant, har overtatt tingen.
Om ikkje leveringstidspunktet kjem fram i bestillingsløysinga, skal seljaren levere vara til kjøparen utan unødig opphald og seinast 30 dagar etter bestillinga frå kunden. Varen skal leverast hos kjøparen med mindre anna er særskilt avtalt mellom partane.
7. Risikoen for varen
Risikoen for vara går over på kjøparen når han, eller hans representant, har fått varene levert i tråd med punkt 6.
8. Angrerett
Med mindre avtalen er unntatt frå angrerett, kan kjøparen angre kjøpet av vara i henhold til angrerettloven.
Kjøparen må gi seljar melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen byrjar å løpe. I fristen er alle kalendardagane inkluderte. Dersom fristen endar på ein laurdag, helgedag eller høgtidsdag vert fristen utvida til næraste virkedag.
Angrefristen blir rekna som overhalden dersom melding er sendt før utløpet av fristen. Kjøparen har bevisbyrda for at angreretten er blitt gjeldande, og meldinga bør difor skje skriftleg (angrerettskjema, e-post eller brev).
Angrefristen byrjar å løpe:
- Ved kjøp av enkeltståande varer vil angrefristen løpe frå dagen etter vara(e) er mottatt.
- Ved kjøp av fleire varer som kjem i ulike sendingar, vil angrefristen løpe frå dagen etter den siste vara er mottatt.
- Ved kjøp av abonnement på varer eller tenester vil angrefristen løpe frå dagen etter første levering.
Kjøparen skal tilbakeføre varen til seljaren i samme stand og mengde som ved mottaking.
9. Reklamasjon og garanti
Kjøpar har rett til å reklamere over feil ved varen i tråd med reglane i forbrukerkjøpsloven.

