Lyd, musikk og teater

Morten Hetland, som er dagleg leiar i Hetland Media, beherskar fleire instrument enn berre datamaskinen. Han er òg komponist, trubadur, dramaturg og teaterinstruktør. I seinare år har han òg blitt ein racer på produksjon av podkast og innspeling og miksing av musikk.

Hetland medverkar mellom anna som produsent og programleiar for podkastane «Er du heilt grøn?» (produsert for MDG Hjelmeland) og «Kort fortalt» (produsert for Nettskulen.no).

Grønare og grønare, dag for dag Er du heilt grøn?

  1. Grønare og grønare, dag for dag
  2. Bokverk, byggverk og kunstverk
  3. Klimaendringar, Kvikk Lunsj og kollektiv-kutt
  4. Sandvik-plan, songstund og store truser
  5. Tradisjon og kulturarv
  6. Er du heilt grøn? (trailer)

Pupper Kort fortalt

  1. Pupper
  2. Penis (guttetissen)
  3. Vulva (jentetissen)
  4. Mensen
  5. Puberteten
  6. Berlinmuren
  7. Hitler sin veg til makta
  8. Globalisering
  9. Cubakrisa

Hetland har òg vore komponist og produsent for musikkinnspelingane til Morten Hetland og Niklas Louis Mowinckel.

Utanom roller i ymse skuleframsyningar, debuterte Morten på scenen i vaksen alder i «Hjelmelandsrevyen 2011: Kjekt å ha», der han òg var medprodusent og organisatorisk ansvarleg. Elles har han vore skodespelar og/eller instruktør i ei rekkje framsyningar i regi av Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag, Hjelmeland Ungdomsteater og Hjelmeland Teater.

Hausten 2013 tok han over som leiar og instruktør i Hjelmeland Ungdomsteater, som frå og med hausten 2017 fusjonerte med teaterdrifta til Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag, og danna nye Hjelmeland Teater, der han i dag er teatersjef og instruktør.

Morten har òg skrive, sett opp og spelt tre show og to konsertar saman med Fredrik Hausken og Rita Sørensen (MRF Trio), samt fleire show med Dvaske Menn.

Elles har Morten vore trubadur i alt frå konfirmasjon og bryllaup til 50-årsdag og galleriopning. Innimellom opptrer han òg som moromann eller musikar i tospann med Magnar Riveland.

CV – TEATERFRAMSYNINGAR:

Tittel År Arrangør Sjanger Rolle
«Mord over ein låg sko» juni 2021 Hjelmeland Teater kriminalkomedie instruktør
«Scrooge: Eit juleeventyr» desember 2020 Hjelmeland Teater juleeventyr instruktør
komponist
«Dvaske Menn – Innestøa spesial» april 2020 Hjelmeland kommune digitalt show showartist: songar og skodespelar
tekstforfattar
«Putti Plutti Pott og Julenissens skjegg» desember 2019 Hjelmeland Teater eventyrmusikal skodespelar: onkel Per
instruktørassistent
«Jakta på julestemninga»
med Dvaske Menn
november/desember 2019 Høiland Gard julebordshow showartist: songar og skodespelar
tekstforfattar
«Spelet om sølvringane» august 2019 Hjelmeland Teater
i samarbeid med Hjelmeland kommune
historisk spel instruktør
musikar: piano
Sommarshow med Dvaske Menn juni 2019 Hjelmeland kommune show showartist: songar og skodespelar
tekstforfattar
«Love og lykke» mai–juni 2019 Hjelmeland Teater musikal instruktør
tekstforfattar
«Indianeren» av Tore Renberg mars 2019 Hjelmeland Teater drama instruktør
«Jul i Viga» desember 2018 Ryfylkemuseet
Hjelmeland Teater
julespel instruktør
tekstforfattar
musikar: trekkspel
«Ronja Røverdatter» april 2018 Hjelmeland Teater eventyrmusikal instruktør
«Her er mitt liv» mars 2018 Hjelmeland Teater dramamusikal instruktør
skodespelar: gamle Svein
«Å velta ei ku» mars 2018 Hjelmeland Teater spelefilm regissør
manusforfattar
fotograf
klippar
komponist
«No er det jul, igjen!» desember 2017 Hjelmeland Teater teaterstykke kapellmeister og musikar: piano/tangentar
instruktør
tekstforfattar
«Jul i Viga» november 2017 Ryfylkemuseet
Hjelmeland Teater
Hjelmeland kulturskule
julespel instruktør
tekstforfattar
skodespelar: nabo Ola
«Løvenes konge» april 2017 Hjelmeland Ungdomsteater musikal instruktør
«Dvaske Menn – rir igjen» desember 2016 Dvaske Menn show showartist: songar og skodespelar
tekstforfattar
«Jul i Viga» november 2016 Ryfylkemuseet
Hjelmeland Ungdomsteater
julespel instruktør
tekstforfattar
musikar: gitar
«Hjelmelandsrevyen 2016:
Snipp, snapp, snute…?»
november 2016 Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag revy revyartist: songar og skodespelar
musikar: gitar
tekstforfattar
produsent
«Herr og fru Obstfelder
på hver sin klode – på Nilsebu»
august 2016 Stavanger Turistforening
Sølvberget, Stavanger kulturhus
spel skodespelar: fekar Lars Kleppa
«Sommarshow 2016» juni 2016 Hjelmeland Ungdomsteater show instruktør
«Mord over ein låg sko» april 2016 Hjelmeland Ungdomsteater kriminalkomedie instruktør
«Putti Plutti Pott og Julenissens skjegg» desember 2015 Hjelmeland Ungdomsteater eventyrmusikal skodespelar: onkel Per
instruktør
«Rett i lommen» november 2015 Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag farse instruktør
«Kyrkjespelet i Årdal» august 2015 Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag spel skodespelar: Johannes Mæle
«Alle gode ting er tre» mai 2015 MRF Trio show showartist: songar og skodespelar
tekstforfattar
«Dvaske Menn» desember 2014 Dvaske Menn show showartist: songar og skodespelar
tekstforfattar
«Dei fattige barnas jul» desember 2014 Hjelmeland Ungdomsteater teaterstykke instruktør
tekstarbeid: omsetjar
«Englar & hormoner» november 2014 Hjelmeland skule revy instruktør
kapellmeister
musikar: gitar
«Kyrkjespelet i Årdal» august 2014 Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag spel skodespelar: Peder Svadberg og
sokneprest Johan G. Thaulow
«200 år på 200 minutt» juni 2014 Hjelmeland Ungdomsteater tablå skodespelar: norsk soldat
instruktør
«Sommarshow 2014» juni 2014 Hjelmeland Ungdomsteater show musikar: gitar og piano
instruktør
«Hjelmelandsrevyen 2014:
Feiande flott!»
april 2014 Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag revy revyartist: songar og skodespelar
musikar: gitar
produsent
instruktør
tekstforfattar
«No er det jul, igjen!» desember 2013 Hjelmeland Ungdomsteater teaterstykke musikar: piano/tangentar
instruktør
tekstforfattar
«Rødhette og den store stygge ulven» november 2013 Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag komedie skodespelar: Trollet
«Ivar Aasen på Hjelmeland-besøk» juni 2013 Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag spel skodespelar: ordførar Ole P. Thorsen
tekstforfattar
«Sommarshow 2013» juni 2013 Hjelmeland Ungdomsteater show instruktør
«The Juleshow» desember 2012 MRF Trio show showartist: songar og skodespelar
tekstforfattar
«Kyrkjespelet i Årdal» oktober 2012 Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag spel skodespelar: lensmann Jon Gjedeskjær
«Hetland og Hausken Show» april 2012 MRF Trio show showartist: songar og skodespelar
tekstforfattar
«Hjelmelandsrevyen 2011:
Kjekt å ha»
desember 2011 Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag revy revyartist: songar og skodespelar
produsent
tekstforfattar
«Cabaret i 100» 2005 Hjelmeland skule kabaret musikar: bass
skodespelar: Oliver Mjølhus
«Byen vår» 1999 Hjelmeland skule teaterstykke skodespelar: målar og fiskar
«Folk og røvarar i Kardemomme by» 1998 Hjelmeland skule teaterstykke skodespelar: Tobias i tårnet
«Den levande skogen» 1997 Hjelmeland skule syngjespel skodespelar: tre

Kommenter saka