Breidablikk 35, 4130 Hjelmeland
45 43 69 05
post@hetlandmedia.no

Nettstad

I den digitale kvardagen bør alle bedrifter, lag og organisasjonar ha sin eigen nettstad. Ein god nettstad hjelper både deg og kundane dine. Uansett kva du driv me, kan me hjelpa deg å skreddarsy ein nettstad til ditt føremål.

Hetland Media har lang erfaring med oppsett og design av nettstader til bedrifter, lag og organisasjonar. Me ordnar heile prosessen sjølv, og kan hjelpa deg med opplæring i etterkant.

Me tilbyr tre ulike nettstad-pakkar, slik at du ikkje betaler for meir enn du har behov for.

Tekst, bilete og designet på nettstaden blir lagra på eit webhotell, og nettstaden treng i tillegg eit domenenamn, som fungerer som adresse til nettstaden. Domenenamn og webhotell blir levert direkte til deg av PRO ISP. Hetland Media hjelper til med bestilling og oppsett av domene og webhotell, slik at du kan vera trygg på at alt fungerer.

Hetland Media kan hjelpa med:

  • Skreddarsydde nettstader
  • Enkle, brukarvenlege og innbydande løysingar
  • Kurs og opplæring
  • Sosiale media
  • Oppsett av blogg

Døme på nettstader som er utforma av Hetland Media:

Kommenter saka