Breidablikk 35, 4130 Hjelmeland
45 43 69 05
post@hetlandmedia.no

KVA KAN ME?

ME GJER DEG SYNLEG

med 18 års erfaring innan media og kommunikasjon.

LYD, MUSIKK OG TEATER

Dagleg leiar Morten Hetland har erfaring som komponist, trubadur, dramaturg, teaterinstruktør, lydteknikar og produsent av podkast og musikkinnspelingar.

FOTO OG FILM

Me har utstyr til å fotografera og spela inn film, både på bakken og i lufta. Me kan leia prosessen frå skisse til ferdig produkt.

DIGITALISERING

Har du gamle familieskattar festa til papirbilete eller filmrullar som støvar ned? Det er viktig å ta vare på minna! Me digitaliserer foto, film og lydkassettar.

NETTSTAD

Me har for tida redusert kapasitet, og kan diverre ikkje ta imot nye oppdrag knytta til nettstad.

I den digitale kvardagen bør alle bedrifter, lag og organisasjonar ha sin eigen nettstad. Uansett kva du driv me, kan me hjelpa deg å skreddarsy ein nettstad til ditt føremål.

GRAFISK DESIGN

Me har for tida redusert kapasitet, og kan diverre ikkje ta imot nye oppdrag knytta til grafisk design.

Treng du hjelp til å bli synleg? Me kan designa alt frå visittkort og plakatar, til logoar og etikettar. Me designar, trykker og leverer – alltid i tett dialog med kunden.

FORLAG

Me har for tida redusert kapasitet, og kan diverre ikkje ta imot nye oppdrag knytta til forlagstenester.

Opp gjennom åra har me gjeve ut fleire bøker og magasin, både eigne publikasjonar og på oppdrag for kundar. Me kan hjelpa til med språkvask, layout, design og trykking.

KVA HAR ME GJORT?

PORTFOLIO

Me har i hovudsak levert tenester innan journalistikk, foto/film, grafisk design og utforming/drift av nettstader.

KUNDAR

OPPDRAG

ERFARING

Hetland Media er rask og effektiv, lyttar til kunden sine behov og kjem med gode forslag til logo, design, nettside og etikettar. Det er me svært takksame for, og me er svært fornøgde med det Hetland Media har utforma for oss i OmCider.

Bodil Kvame

dagleg leiar
OmCider AS

Heilt frå etableringa av Apal Sideri i 2019, har Hetland Media vore svært viktig for bedrifta.
I utarbeiding av logo, etikettar, nettstad og grafisk design, har Hetland Media vist god kompetanse. Hetland Media lyttar til kva kunden ønskjer å få fram i det grafiske arbeidet, og saman finn ein fram til det rette utrykket for bedrifta.

Dan Olav Sæbø

dagleg leiar
Apal Sideri

I oppstarten av eit firma er det mykje som skal på plass og ordnast med. Då var det uvurderlig å få hjelp av Hetland Media til utforming av logo. Jobben blei utført kjapt og smertefritt, og Hetland Media var i heile prosessen åpne for innspel. Det var enkelt å halda ein god dialog fram til det ferdige sluttresultatet, som eg er godt fornøgd med.

Anne Dale Nordbø

dagleg leiar
Spirå

Ved produksjonen av minnespelet «Kulturminne og turmål i Hjelmeland» var pris og kvalitet viktig ved val av leverandør. Hetland Media var den leverandøren som kom best ut på pris, det same viste seg også å vera tilfelle når det kom til kvalitet. Me fekk òg nytta oss av Hetland Media sitt biletarkiv i tilfelle der me sjølv ikkje hadde bilete til dei aktuelle kultur- eller turmåla. Som lokal leverandør kunne Hetland Media òg tilby tekstforslag, der dette var av interesse. Totalt sett blei produksjonen av desse korta enklare for oss, grunna val av ein leverandør med lokalkunnskap.

Eldfinn Austigard

tidlegare kulturleiar
Hjelmeland kommune

Idéen om å gifta seg oppå ein diger stein var vill nok, og me trengde hjelp til å dokumentera seremonien. Utfordringa var dels ny for Hetland Media, men vigselen vår vart festa til film sjølv om lokaliteten gav store utfordringar. «Me finn ei løysing» er den gjennomgåande tonen hjå Hetland Media. Det er enkelt å samarbeida, og uproblematisk å korrigera den føreslegne løysinga og koma med innspel til sluttproduktet. Sjølv om me er svært nøgde med filmen, har me ikkje noko ynskje om å nytta Hetland Media til ein ny bryllaupsfilm: Me reknar oss ferdige med giftinga. Andre påkommande ville idéar derimot…

Monica og Knut

brurepar

Hetland Media har mellom anna designa og trykka visittkort for meg. Korta vart enkle og stilige, noko eg likte godt.

Magne Austigard

biletkunstnar

KVEN ER ME?

HETLAND MEDIA

Hetland Media er ei media- og kommunikasjonsbedrift som blei etablert hausten 2008 av Morten Hetland.

I tillegg til å utvikla og drifta nettstader for lokale bedrifter og lag, driv me nettportalane Nettskulen.no og Mitt Hjelmeland.

Me har òg kompetanse og erfaring innan film, foto, grafisk design, medieproduksjon, journalistikk, kommunikasjon, teater og musikk.

Ta kontakt, så finn me ut korleis me kan hjelpa deg:

tlf. 45 43 69 05 – post@hetlandmedia.no

MEDARBEIDARAR

Vegard Terøy, forfattar av «Å velta ei ku» og «På line over livet», journalist og redaktør i lokalmagasinet Mitt Hjelmeland i perioden 2013–2015, redaktør av «Småstubbar»

Christian Laugaland Munthe, illustratør av «Småstubbar»

Lena Botne, illustratør av «Olav og bestefar»

DAGLEG LEIAR

Morten Hetland har drive med media og kommunikasjon sidan 2005, og har ansvar for forsking, design, tekstarbeid, foto/film og drift av nettstader i Hetland Media.

Dessutan er Hetland utdanna adjunkt med tilleggsutdanning, og jobbar til dagleg som lærar og pedagogisk IKT-rettleiar i Hjelmelandsskulen.