Breidablikk 35, 4130 Hjelmeland
45 43 69 05
post@hetlandmedia.no

«Småstubbar»

«Småstubbar»

kr199,00

Den norske kulturarva er prega av ein sterk forteljartradisjon, med røter i mellom anna folkeeventyr og segner. I uminnelege tider har folk skapt, utvikla og vidareført forteljingar.

Kategori:

Beskrivelse

Forteljingar blir skapt heile tida, i heile verda, og mange av forteljingane har overlevd i titals eller hundrevis av år. Etter kvart som forteljingane har blitt vidareført – frå stad til stad, eller frå generasjon til generasjon – har dei ofte blitt tilpassa folk, natur og miljø. Slik har det blitt fleire variantar av éi og same forteljing.

Munlege forteljingar var, og er framleis, ein effektiv måte å overføra kunnskap, samtidig som dei er god underhaldning og avkopling frå lange og harde arbeidsdagar, eller tyngjande bekymringar. Tidlegare var forteljingar òg med på å ufarleggjera troll, huldrer og andre underjordiske skapningar som folk trudde på.

I «Småstubbar» har me samla soger, segner og sanne historier frå Hjelmeland i bokform, rikt illustrert av Christian Laugaland Munthe.

Mesteparten av forteljingane i boka er tidlegare skrivne ned av Torkell Mauland, Tor Skiftun, Johannes Arneson og Johannes Gill. Redaktørane har modernisert språket og stilen, slik at du kan lesa denne kulturarva som underhalding, eller vidareføra dei rike forteljartradisjonane ved å fortelja til andre.

Tilleggsinformasjon

Redaktør

Morten Hetland, Vegard Terøy

Illustratør

Christian Laugaland Munthe

Format

14 x 22 cm

ISBN

978-82-93201-03-8

Publiseringsår

2015

Sidetal

114

Språk

nynorsk

Utgåve

1. utgåve