På salg!

«Å velta ei ku»

kr149,00 kr99,00

Olav Bjelland hadde eit mål med livet sitt. Han skulle bli bonde på slektsgarden. Som ein einsam ulv, blotta for ambisjonar og håp, snirkla han seg gjennom kvardagen.

Kategori:

Beskrivelse

Kvar dag var ein transportetappe, og kvart smil ein rusta fasade. Men er det ein ting du alltid kan rekna med, så er det at noko uventa vil skje.

Med ugne foreldre, sære besteforeldre og ein god kamerat på lasset, hamnar Olav på eit eventyr av den utrulige sorten.

Denne boka byr på ei misantropisk og mørk historie, krydra med lettbeint humor og hobbyfilosofering frå ein ung bygdeoriginal sitt forvirra sinn. Kombiner dette med overnaturlege skapningar og den vakre naturen i Ryfylke, så sit ein igjen med ein psykologisk eventyrdramathriller som vil appellera til alle som har slite med å halda hovudet over vatnet.

Forfattaren av boka, Vegard Terøy, har ei fortid som frilansjournalist i Bygdaposten og Strandbuen, og har mellom anna studert sosiologi og historie ved Universitetet i Stavanger. Når han no kastar seg på den skjønnlitterære karusellen, er det med ei svært fiktiv historie frå sin verkelege heimstad, Hetlandsbygda i Hjelmeland kommune.

Tilleggsinformasjon

Forfattar

Vegard Terøy

Format

A5

ISBN

978-82-99799-37-9

Publiseringsår

2010

Sidetal

101

Språk

nynorsk

Utgåve

2. utgåve